Sist torsdag, den 29. September, forgjekk det ein heidundrandes operaforstilling i gymsalen. Det er første gongen eg har sett ein operaførestilling, og eg vart positivt overraska. Heile showet vart styrt av to skodespelarar, ein lydmann og ein pianist. Det var ein enkel forstilling. Enkelt tema, enkel song, enkel pianomusikk og scenografi. På scenen stod det ei dør og ein divan med eit lite rosa bord. Fargane på kulissane var kvit og rosa. Eg kom eg på seinare at dette mest sannsynleg var nøye gjennom tenkt og at det symboliserte feminitet og kjærleik. Dei to skodespelarane snakka ikkje til kvarandre, dei kommuniserte med song, slik som dei gjer i operaførestillingar.
Det heile handla om ein mann som skulle reise frå heimen og kjærasten sin, men ville fri før han reiste. Frieriet vart avbroten gjentatte gonger. Kjærasten var veldig opptatt med å svare på alle mogelege oppringingar, og ho snakka i telefonen i eit sett. Til slutt reiste han utan å fri, og etter ei stund ringte han til ho. No fekk han endelig oppmerksomheita hennar, og han fekk sjansen til å fri. Ho svara ja, og han reiste heim att.
Førestillinga fekk meg til å tenke på at det kanskje ikkje så bra at me er så tilgjengelege heile tida. Alle er jo tilgjengelig 24 timar i døgnet og sju dagar i veka. Desse tilgjengelegheitene, avbrytingane og forstyrringane flyttar fokuset våras frå dei viktige tinga og over på dei uviktige tinga.
Viss du tenkjer deg at livet er ein krukke, og at du har mange steinar. Det er nokre få steinar som er store, og så er det mange små. Dei store steinane er dei viktige tinga i livet, slik som kjærleik og familie. Dei mange små steinane er dei uviktige tinga i livet, slik som telefonen og facebook. Viss du fyllar opp krukka med dei små steinane først, får du ikkje plass til dei store steinane. Difor må du fylle krukka med dei store steinane først og deretter må du legge oppi dei små.
Du har verkeleg kome under huda på bodskapen og ikkje irritert deg over at det var opera! Du har gjort interessanne observasjonar og reflektert opp mot dei store høgder,-nok ein gong!Kor tar du det frå? Imponerande!
SvarSlett