lørdag 19. mai 2012

Den fantastiske storbyen Roma


Etter seks dagar i Roma var det trist å komme tilbake til Noreg, eg lengtar tilbake allereie. Pantheon, Colosseum, folka, kulturen og maten er berre nokre få element som får meg til å lengte. Roma er den beste storbyen eg nokon gong har vore i!

Me sjekka inn på Hotel Center 1 tidlig på formiddagen. Hotellet var kanskje ikkje så sentralt som det kunne ha vore, men det var sentralt nok. Det var berre åtte minutters gange til næraste metrostasjon, Manzoni, som berre var to stopp frå Termini. Før me reiste hadde eg lese mange negative tilbakemeldingar til hotellet, men for min del  var hotellet heilt topp.

Første punkt på programmet var Spansketrappa, eit storslagent samlingspunkt frå 1700-tallet. Denne trappa er eit av dei mange punkta på ”ting-ein-må-få-med-seg-lista”. Ved Spansketrappa var det eit yrande folkeliv. Aktivitetsnivået kunne måle seg med ei maurtue. Etter å ha hengt litt på Spansketrappa og ved Trinitá dei Monti-kyrkja og obelisken, gjekk me vidare. Me gjekk i gatene, og plutselig, når me runda eit hjørne stod Panteon der framfor oss som eit stort fjell. Før me gjekk inn i Panteon hadde Jonas sitt foredrag. Det var flott å høyre om Panteon mens du berre kunne stå der og studere meisterverket av ein bygning. Inni var bygningen enda meir fantastisk, og det er holet i taket som gjer bygningen så interessant. På Piazza Navona hadde me ein ispause. Italiensk is er jo kjent for smaken, så det blei ikkje den einaste isen i løpet av turen. Måndagen var den dagen med lengst program, men me avslutta opplegget med eit siste måltid på ein pizzarestaurant.




Når ein reiser til Roma er det lurt å ha gode sko med seg, og gjerne fleire sko så ein kan veksle. Det fekk eg erfare allereie etter den første dagen. Eg blei fort sliten i beina sjølv om eg hadde gode sko. Den andre dagen var det Vatikanet det handla om. Den dagen var det ikkje noko særlig kø i forhold til det det brukar å vere , noko som passa oss bra. Me kom inn porten til Vatikanmusea og med det same me kom inn følte eg at heile Vatikanet velta over oss. Alt var stort og flott. Petersplassen, Peterskyrkja, Det sixtinske kapellet, heile Vatikanet, det var ein fantastisk kunstoverdose som gjekk rett ned på høgkant, og plutselig hadde me ikkje meir obligatorisk den dagen.



Tidlig onsdag morgon drog me til Colosseum, ei av Romas store stoltheiter. Der kjøpte me ein billett som gjorde at me kunne både komme inn i Colosseum, Palatinhøgda og Forum Romanum. Dette var veldig greitt, sidan me då slapp å stå i kø og kjøpe billettar alle plassane. Colosseum var enormt. Eg bli heilt sjokkert over den massive bygningen. Eg stod i vestsida, ved sida av ei tjukk søyle og speida utover colosseum. Eg lente meg inntil søyla la hendene inntil den, førte nasa mi sakte mot kalksteinen og sniffa til. Dufta av kjærleik, sand, sorg, kalk, glede, blod, sveitte og tårer strøymde inn i nasa mi. ”Svosj!” Plutselig var eg gått tilbake 2000 år og var midt i ein gladiatorkamp. Rett framfor meg stod det ein illsint tiger. Eg såg ned i høgre handa mi. Eg heldt ein nyslipt gladius. Eg såg i den andre handa, ein pisk. Eg hadde ikkje anna beskyttelse enn ein veldig tung og klønete hjelm. Sveitten rann inni der, og det var vanskelig å sjå ut. Plutselig hoppa tigeren mot meg, eg fekk eit kjapt lite slideshow av livet mitt, men greidde å summe meg og kasta meg vekk frå tigerens kvasse klør. Eg kasta eit kjapt blikk opp på publikumet på tribunen som hylte av spenning. No var det full konsentrasjon, det var enten eg eller tigeren som måtte dø, og eg hadde ein fordel med mi gladiatortrening. Eg måtte berre hugse kva gladiatortrenaren hadde sagt til meg. ”Først distraher motstanderen!” Smakk! Eg piska tigeren i venstre side. ”Så blokker hans blinde stikk.” Tigeren kasta venstre labben sin mot meg, eg sparka til, og hørte det knase i poten. ”Kutt med kryss med høgre hand!” Eg svinga gladius mot buken til Tigeren, blodet spruta. ”Unngå motstanderens desperate forsøk på å slå tilbake, overrask motstanderen med mageslag for å stoppe inhalering!” Tigeren hoppa mot meg, eg tok ein rulle under tigeren, midt i rullen slengte eg knyttneven opp mot solarplexus, då tigeren landa datt han saman av utmatting og greidde ikkje å puste. ”Distraher igjen og send sjela hans til helvete.” Eg kasta meg rundt og gav tigeren eit hælspark som knuste kjeven, tigeren blei kasta på ryggen, eg stakk gladiusen inn mellom ribbebeina, og kjende at eg penetrerte hjartet. ”Knekt fot, ope sår i halsen, pungterte lunger, knust kjeve og ubrukeleg hjarte. Fysisk helbreding: Umogleg!” Det kom eit ynkeleg mjau frå tigeren før den fall livlaus om, utan sjel. Publikum reiste seg og jubelen gav gjenklang i øyra mine då eg plutseleg blei avbroten frå draumen av Karoline som skulle fortelje om Colosseum. I Colosseum hadde me 3 foredrag. Karoline og Jon som fortalde om Colosseum, og Marthe som stod på vestsida og fortalde om Konstantinbogen som me hadde så god utsikt til. Når du reiser til Roma trur eg at det er lurt å vere godt forberedt. Viss du har lese litt og har litt kunnskap om diverse ting, trur eg ein vil få mykje meir ut av turen. Alle elevane i klassen hadde foredrag om kvar sitt punkt, så det vart som om me skulle hatt ein guide i heile Roma.


Torsdagen hadde me ikkje noko obligatorisk, torsdagen var fridagen. Eg gjekk mest med Martin og Jonas. Me tok metroen til Repubblica og gjekk sørvestover i handlegata Via Nazionale. Då me kom til Victor Emanuelemonumentet, gjekk me opp til eit utkikspunkt nordvest for Forum Romanum. Her kan det anbefalast å ta bilete. Etter litt enda me opp på Circus Maximus, der det var ein stor oppblåsbar, igloliknande kuppel midt på banen. Me gjekk inn og det viste seg at det var eit museum som var sett opp får å feire 150-års jubileet til eit postfirma i Roma. Me gjekk i retning mot elva, og enda opp i ein stor park der det var systematisk sett opp kryssa blomar. Etter å ha studert forkskjellige namn til forskjellige blomar, bestemte me oss for å dra til metro stasjonen Lepanto og så heim. På vei til Lepanto, besøkte me tre parkar, Isola Tiberina (øya som ligg midt i elva), fire butikkar, Compo de Fiori, , Buffalo bar (ein plass der dei berre serverte mat laga av bøffelmjølk), eit Leonardo da Vinci museum, Piazza Navona, Englebrua, Castel Sant’Angelo og ein karusell. Fridagen var med andre ord ein dag der me fekk oppleve veldig mykje.

På fredagen var eigentlig planen å reise ut frå byen til Hadrians villa, men sidan det var streik på metroen, kunne me ikkje dra. Dette var ein liten nedtur men å besøke Diokletians bad, San Carlo alle Quattro Fontane og Santa Maria Maggiore veide opp for skuffelsen. Allereie klokka to den dagen var me ferdig med det obligatoriske programmet, så då hang me rundt med Spansketrappa, såg nokre kyrkjer, Augustusmausoleet og Ara Pacis-museet. Den kvelden gjekk me alle og åt i lag. Me åt på ein restaurant som heitte Taverna Pretoriana. Eg anbefalar denne restauranten viss ein har lyst på litt ekstra delikat og smakfull mat, men viss ein er litt svolten og prioriterer kvantitet framfor kvalitet, er dette kanskje ikkje den beste restauranten. Riktig nok så var det eigentlig meininga at me skulle bestille poteter og salat i tillegg til hovudretten på denne restauranten. Dette trur eg er lurt å vere litt merksam på, på dei forskjellige resturantane.




Den siste dagen, laurdagen, var heimreisedagen, men me skulle reise litt seint, så me fekk akkurat tid til å ta metroen til Piazza del Popolo, gå i nokre butikkar og ete ein siste italiensk pizza. 

tirsdag 17. januar 2012

Segnet om Mannahølen

Mannahølen 27. 09. 2010. 
Ein gong var det ein postmann som skulle gå med post over fjellet mellom Fusa og Strandvik. Han rei med sin trufaste hest og kjerre, og vegen var smal. Ved eit djupt søkk i terrenget var vegen ekstra smal. Vegen gjekk langs kanten på ei skrent som førte ned i ein steinur. Her sklei hesten og postmannen med all posten utfor skrenten. Både hesten og postmannen strauk med. Når dei fann liket og kadaveret var det berre postmannen dei tok med seg. Hesten var får tung til å bli bært, slik at den var nøydt til å liggja der å rotna. Etter denne tragiske hendelsen vart dette søkket kalla for Mannahølen, og det vart sagt at kvar natt klokka 12 kan du høre hesten som vrinskar frå botnen av Mannahølen.

tirsdag 15. november 2011

Forslag til framside til søkjar/inntakskatalog

Det du ser til høgre her, er mitt bidrag til ein konkurranse der me skulle lage framside til søkjar/inntakskatalogen i Hordaland Fylkeskommune. Konkuransen var open for elevar på skular i heile fylket. Vinnarane fekk namnet sitt i katalogane. Utkasta som vart brukte vil bli premierte med kr. 4000,- for kvar av katalogane. I fjor var begge vinnarane frå studiespesialiserande med formgjevingsfag på Fusa Vgs.
Det eg gjorde her var å først legge eit layer med eit kvit krøllete papir som bakgrunn. Eg dupliserte layeret med papiret, og speilvendte det andre layeret horisontalt. Deretter speilvendte eg det vertikalt og satte gjennomsiktigheita til 75%. Så la eg til enda eit layer med papir. Dette papiret såg litt gamlare ut, og det var litt gult og slitt og mørkt i kantane. På dette layeret endra eg layermoden til "overlay". Eg lasta ned ein brush som skulle forestille akvarellmalingsflekkar, og så tok eg og tenga desse forskjellege flekkene i forskjelleg størelsar i forskjellege fargar på forskjellege plassar. Komposisjonen, plasseringa og fargevalget i dette bildet er veldig nøye gjennomtenkt.

søndag 2. oktober 2011

Telefonen - Eit refleksjonsnotat av Sverre Kvamme

Sist torsdag, den 29. September, forgjekk det ein heidundrandes operaforstilling i gymsalen. Det er første gongen eg har sett ein operaførestilling, og eg vart positivt overraska. Heile showet vart styrt av to skodespelarar, ein lydmann og ein pianist. Det var ein enkel forstilling. Enkelt tema, enkel song, enkel pianomusikk og scenografi. På scenen stod det ei dør og ein divan med eit lite rosa bord. Fargane på kulissane var kvit og rosa. Eg kom eg på seinare at dette mest sannsynleg var nøye gjennom tenkt og at det symboliserte feminitet og kjærleik. Dei to skodespelarane snakka ikkje til kvarandre, dei kommuniserte med song, slik som dei gjer i operaførestillingar. 

Det heile handla om ein mann som skulle reise frå heimen og kjærasten sin, men ville fri før han reiste. Frieriet vart avbroten gjentatte gonger. Kjærasten var veldig opptatt med å svare på alle mogelege oppringingar, og ho snakka i telefonen i eit sett. Til slutt reiste han utan å fri, og etter ei stund ringte han til ho. No fekk han endelig oppmerksomheita hennar, og han fekk sjansen til å fri. Ho svara ja, og han reiste heim att.
Førestillinga fekk meg til å tenke på at det kanskje ikkje så bra at me er så tilgjengelege heile tida. Alle er jo tilgjengelig 24 timar i døgnet og sju dagar i veka. Desse tilgjengelegheitene, avbrytingane og forstyrringane flyttar fokuset våras frå dei viktige tinga og over på dei uviktige tinga.
Viss du tenkjer deg at livet er ein krukke, og at du har mange steinar. Det er nokre få steinar som er store, og så er det mange små. Dei store steinane er dei viktige tinga i livet, slik som kjærleik og familie. Dei mange små steinane er dei uviktige tinga i livet, slik som telefonen og facebook. Viss du fyllar opp krukka med dei små steinane først, får du ikkje plass til dei store steinane. Difor må du fylle krukka med dei store steinane først og deretter må du legge oppi dei små.

onsdag 14. september 2011

Nordmenn i dag - Solsikka i løvetannenga

Eg er norsk, og i internasjonal samanheng føler eg meg som ei solsikke i ei løvetanneng. Eg føler meg som kongen på haugen. Eg er blomen som strekker seg lengst opp mot himmelen, blomen som er nærmast sola. Løvetann er ein fin blom, men ei forvaksen løvetann er ein endå finare blom. Eg er ei forvaksen løvetann, eg er ei solsikke. Eg er stor, vakker, praktfull, eg har større blad, lengre stilk, eg er rett og slett betre enn alle andre. Men likevel er eg lik dei andre, eg er gul, og eg er ein del av heilskapen. Mange undrast kvifor me er så mykje betre. Kva er hemmelegheita vår, kva er slags mold veks me i? Er det hønsemøkk? Kanskje det er hestemøkk? Nei, det er olje. Olje er vår hemmelege ingrediens når ein skal oppnå suksess  og bli betre enn alle andre.
Alle veit at solsikker visnar mykje fortare enn løvetann. Alle veit at solsikker ikkje veks bra i olje. Før eller sidan vil oljefondet ta slutt, og solsikka vil visne.

Eg tenkar ikkje slik, men eg veit at mange nordmenn tenker slik…

onsdag 25. mai 2011

Illuminati i Hollywood



Frå omkring år 1690 til omkring år 1800, var det ein rekke mennesker som begynte å uttrykke ein tro og forståelse for menneskets idealer og evner. Det var i denne tida menneska begynte å trosse frå den kristne religion og tankegang, og med denne idealismen, oppsto det mange forskjellige hemmelige sekter rundt omkring i verden. Ein av dei var ILLUMINATI.


Det vert sagt at illuminati styrar media. Det virkar ikkje dumt, med takne på kor dominerande media er i samfunnet. Tenk kor mykje makt ein har viss ein kan kontrollere TV, radio og aviser og dvs. anna. Mange  trur at illuminati styrar hollywood, og det er mange grunnar til å tru det. Men korleis gjer dei det? Dei er nemleg ikkje så dumme at dei kontaktar filmprodusenten og spørr om dei kan lage ein film som promoterer dei. Nei, dei kontaktar personar som delaktive i produsksjonen, gjer de 
i ein pengesum, og får dei til å setje in hemmlege beskjedar i filmen. Her er nokre eksempel:


I filmen Godzilla, når hovudpoenget i filmen intreffer, ser ein reporter på klokka. Den er 9:11.
The Simpsons har mange teikn på illuminati. Her kjøpar Bart eitt magasin som har ein illustrasjon på framsida som kan bli lest som 9/11.
   
I filmen 300 er det mange sekt- og illuminati liknande skapningar.

 
Logoen til Aeon Flux liknar pyramiden med det altsjåande auge.

I filmen The Handmaids Tale ser me på kontoret til ein av hovudpersonane ein skulptur med det altsjåande auge på.
I ein fade mellom to klipp i filmen National Treasure ser me at auge hamnar oppå ein pyramide.
I scenen der dei køyrer i ein uttørka elv, ser me ar det står på ei bru som dei køyrer under: "Caution 9-11"






torsdag 19. mai 2011

Fast and Furious Five

11. mai reiste heile klassen til Bergen for å gå på kunstutstilling og kino. Me skulle ikkje møtast før kvart over elleve, noko som eg var godt fornøgd med, sidan eg då kunne ta ein buss som gjekk seinare enn vanleg. Eg tok ein buss som gjekk halv åtte saman med Hendrik og Elianna. Me åt litt mat og gjekk rundt om i diverse butikkar, før me gjekk bort til kinoen og møtte resten av klassen. Filmen me skulle sjå heitte ”Fast and Furious Five”. Eg har sett alle dei tidlegare filmane. Eg synast dei har vore gode, og difor såg eg kanskje litt ekstra fram til å sjå den siste.
Filmen svara til forventningane. Det var ei intens spenning gjennom heile filmen, den var aldri kjedeleg. Slik som dei tidlegare filmane var den urealistisk og overdriven, og det gjorde det ikkje betre at Dwayne Johnson hadde rolle som ein cheesy spesialetterforskar. Dei to andre hovudrollene, som vart spelt av Paul Walker og Vin Diesel var eg derimot særs fornøgd med. Eg var godt fornøgd med filmen. Den var god, slik som forventa, men den passar kanskje best for dei som er interessert i action, bilar og halvnakne damer. Like etter filmen, gjekk me rett til Stenersenmuseet. Der såg me ein spennande utstilling med både stort og smått av all mogeleg samtidskunst. Det var ei dame som viste oss rundt og fortalde om dei mest interessante kunstverka. Omvisninga varde passeleg lenge, akkurat lenge nok til at eg greidde å følgje med og vere interessert. Alt i alt var det ein kjekk dag i byen med klassen, og eg gler meg til neste gong allereie.