I helga var me på tur til Eidfjord. Turen var i forbindelse med naturfagen på skulen, og me dro med klassen og alle TAF-elevane. Me budde på eit søtt lite pensjonat, som låg nært sentrum. Eg budde på rom med Henrik, Jon og Martin og torsdag morgon skjedde det...
Eg vakna klokka seks av at det stod ein katt foran senga mi og mjaua. Kvelden før hadde me opna vindauge for å lufte litt, og eg rekna med at katten hadde hoppa inn vindauget. "No må eg vel stå opp og bera den katten ut" tenkte eg. Men katten stoppa å mjaue etter kvart, og eg sovna fort igjen. Ein time seinare gjekk vekker klokka til Jon. Katten hadde vore der heilt til då, og no vandra han rundt om i rommet. Når han såg at eg hadde vakna, hoppa han opp på bordet og satte seg og såg på meg med kom-og-klapp-meg-blikket. Eg hoppa ut av såve posen, tok på meg ei t-skjorte og yndlingssokkane mine og så gjekk eg mot han for å kaste han ut. Men då eg tok tak rundt han kjende eg at eg hadde tråkka på noko blaut og varmt noko. Eg såg ned, rykte til og begynte å hyle. Eg stod i ein kjempe stor bæsj. Katten hadde ikkje berre bæsja ein liten bæsj, han hadde bæsja ein super-golden-edition-mega-bæsj, og så hadde han lagt frå seg litt mindre bæsjar rundt den heilage klatten som låg der. Eg såg på katten og han såg på meg. Eg syntest eg såg eit lite smil, så eg tok tak i han og hinka på ein fot bort til vindauge og kasta han ut. Eg sendte nokre skjelldsord etter han før eg lukka døra og kasta sokken min i bosset.
RIP kjære sokk.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar