Her er den fantastiske kuben (vendepunktet i livet mitt) og nokon av dei mange vennane mine... :*
fredag 3. september 2010
Studietur til Bergen / utviklingstur til sivilisasjonen
I går var me på studie tur til Bergen. Det var veldig kjekt. Da heila begynnte med at med samlast på bystasjonen og gjekk samla bort til festplassen. På festplassen stod da ein svær, spennande, fantastisk kube. Kuben var laga av polert stål, og var plassert majestetisk på dei flotte steinane. Når eg såg kuben på avstand såg det ut som ein stor, stygg, grå og firkanta lego-kloss. Når eg kom nærmare gjekk det meir og meir opp for meg at det ikkje var ein lego-kloss, og destod nærmare eg kom kjende eg nyskjerrigheita og pulsen stige som ein romferje som tar av. Når eg var heilt nær var nyskjerrigheita og pulsen på topp. No var eg heilt sikker på at dette ikkje var ein lego-kloss (noko som var litt skuffande, sidan eg er veldgi glad i lego.) Eg stod og undra, mens eg klødde meg i hove. Etter kvart kom informasjonen. "Dette er KUNST!" Ein gledes storm fauk gjennom mitt bankande hjarta. Noko så fantastisk! Kunne dette verkeleg vere kunst? Eg gjekk rundt den fantastiske gjennstanden, og studerte dei rare formane. Dette var ekstremt, at noko slikt kunne vere kunst. Denne opplevinga var nesten som ei vending i livet mitt. Eg har no gått frå å vere ein vanleg og kjedeleg tenårings-gut, til å være ein kjekk og kjærleiks-sprudlane kunst elskar.

Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar