fredag 7. januar 2011

Kongen av Bastøy

Eg viste ingenting om Bastøy skuleheim før eg såg filmen Kongen av Bastøy. Eg såg nemleg filmen, tre dagar etter premieren, og han sit framleis klistra på hjernen. At dette var ei sann historie set ikkje ein dempar på det sterke inntrykket eg har fått. Med eit budsjett på 54,000,000 norske kroner, har Marius Holt verkeleg filmatisert korleis livet på den vesle øya Bastøy i Oslofjorden var, på ein storslagen måte. Er det noko eg saknar i filmen, så er det litt historie for bakgrunnen til skulen og kanskje litt om korleis det vart for guten Olav når han kom tilbake på fastlandet. Dei kunne for eksempel tatt med kvifor det vart ombygd frå internat til ”skuleheim”.
Eg greier ikkje heilt førestilla meg at dette er ei sann historie. At det verkeleg har vore slik, i Noreg. At det har vore slike ekstreme forhold som nesten kan minna om konsentrasjonsleirane. At Dennis Magnusson som manusskribent har basert manuset på historiene til to folk som har hatt eitt veldig nært forhold til Bastøy. Men eg er sikker på at Kongen av Bastøy, med det største budsjettet på ein norsk film sida Max Manus, er ein film alle nordmenn burde sett. Filmen har og kome veldig langt internasjonalt med internasjonal tittel: The Devils Island, og den har blitt godt likt over heile verda. Alt i alt er dette ein sår, dramatisk og tragisk film og eg kjenner eg vert litt stolt når eg kan fortelje at denne filmen er norsk.

1 kommentar:

  1. Kritisk og reflektert filmmelding. Du klarer å få fram eit balansert inntrykk av filmen,- og kunnskap rundt den. Ingen tvil om at den har sett spor i deg. Mange vil fanga interesse for filmen når dei les det du har skrive, Sverre.

    SvarSlett