tirsdag 17. januar 2012

Segnet om Mannahølen

Mannahølen 27. 09. 2010. 
Ein gong var det ein postmann som skulle gå med post over fjellet mellom Fusa og Strandvik. Han rei med sin trufaste hest og kjerre, og vegen var smal. Ved eit djupt søkk i terrenget var vegen ekstra smal. Vegen gjekk langs kanten på ei skrent som førte ned i ein steinur. Her sklei hesten og postmannen med all posten utfor skrenten. Både hesten og postmannen strauk med. Når dei fann liket og kadaveret var det berre postmannen dei tok med seg. Hesten var får tung til å bli bært, slik at den var nøydt til å liggja der å rotna. Etter denne tragiske hendelsen vart dette søkket kalla for Mannahølen, og det vart sagt at kvar natt klokka 12 kan du høre hesten som vrinskar frå botnen av Mannahølen.

1 kommentar:

  1. Eit ypparleg døme på segn. Det gjev seg ut for å vera sant, er stadfesta og har i seg element av det overnaturlege.At du fekk høyrd segnet på staden der det vitterleg skal ha skjedd, gjer nok sitt til at du hugsar det godt og kjenner på,- ja, eg veit om segn frå Strandvik!

    SvarSlett