lørdag 19. mai 2012

Den fantastiske storbyen Roma


Etter seks dagar i Roma var det trist å komme tilbake til Noreg, eg lengtar tilbake allereie. Pantheon, Colosseum, folka, kulturen og maten er berre nokre få element som får meg til å lengte. Roma er den beste storbyen eg nokon gong har vore i!

Me sjekka inn på Hotel Center 1 tidlig på formiddagen. Hotellet var kanskje ikkje så sentralt som det kunne ha vore, men det var sentralt nok. Det var berre åtte minutters gange til næraste metrostasjon, Manzoni, som berre var to stopp frå Termini. Før me reiste hadde eg lese mange negative tilbakemeldingar til hotellet, men for min del  var hotellet heilt topp.

Første punkt på programmet var Spansketrappa, eit storslagent samlingspunkt frå 1700-tallet. Denne trappa er eit av dei mange punkta på ”ting-ein-må-få-med-seg-lista”. Ved Spansketrappa var det eit yrande folkeliv. Aktivitetsnivået kunne måle seg med ei maurtue. Etter å ha hengt litt på Spansketrappa og ved Trinitá dei Monti-kyrkja og obelisken, gjekk me vidare. Me gjekk i gatene, og plutselig, når me runda eit hjørne stod Panteon der framfor oss som eit stort fjell. Før me gjekk inn i Panteon hadde Jonas sitt foredrag. Det var flott å høyre om Panteon mens du berre kunne stå der og studere meisterverket av ein bygning. Inni var bygningen enda meir fantastisk, og det er holet i taket som gjer bygningen så interessant. På Piazza Navona hadde me ein ispause. Italiensk is er jo kjent for smaken, så det blei ikkje den einaste isen i løpet av turen. Måndagen var den dagen med lengst program, men me avslutta opplegget med eit siste måltid på ein pizzarestaurant.




Når ein reiser til Roma er det lurt å ha gode sko med seg, og gjerne fleire sko så ein kan veksle. Det fekk eg erfare allereie etter den første dagen. Eg blei fort sliten i beina sjølv om eg hadde gode sko. Den andre dagen var det Vatikanet det handla om. Den dagen var det ikkje noko særlig kø i forhold til det det brukar å vere , noko som passa oss bra. Me kom inn porten til Vatikanmusea og med det same me kom inn følte eg at heile Vatikanet velta over oss. Alt var stort og flott. Petersplassen, Peterskyrkja, Det sixtinske kapellet, heile Vatikanet, det var ein fantastisk kunstoverdose som gjekk rett ned på høgkant, og plutselig hadde me ikkje meir obligatorisk den dagen.



Tidlig onsdag morgon drog me til Colosseum, ei av Romas store stoltheiter. Der kjøpte me ein billett som gjorde at me kunne både komme inn i Colosseum, Palatinhøgda og Forum Romanum. Dette var veldig greitt, sidan me då slapp å stå i kø og kjøpe billettar alle plassane. Colosseum var enormt. Eg bli heilt sjokkert over den massive bygningen. Eg stod i vestsida, ved sida av ei tjukk søyle og speida utover colosseum. Eg lente meg inntil søyla la hendene inntil den, førte nasa mi sakte mot kalksteinen og sniffa til. Dufta av kjærleik, sand, sorg, kalk, glede, blod, sveitte og tårer strøymde inn i nasa mi. ”Svosj!” Plutselig var eg gått tilbake 2000 år og var midt i ein gladiatorkamp. Rett framfor meg stod det ein illsint tiger. Eg såg ned i høgre handa mi. Eg heldt ein nyslipt gladius. Eg såg i den andre handa, ein pisk. Eg hadde ikkje anna beskyttelse enn ein veldig tung og klønete hjelm. Sveitten rann inni der, og det var vanskelig å sjå ut. Plutselig hoppa tigeren mot meg, eg fekk eit kjapt lite slideshow av livet mitt, men greidde å summe meg og kasta meg vekk frå tigerens kvasse klør. Eg kasta eit kjapt blikk opp på publikumet på tribunen som hylte av spenning. No var det full konsentrasjon, det var enten eg eller tigeren som måtte dø, og eg hadde ein fordel med mi gladiatortrening. Eg måtte berre hugse kva gladiatortrenaren hadde sagt til meg. ”Først distraher motstanderen!” Smakk! Eg piska tigeren i venstre side. ”Så blokker hans blinde stikk.” Tigeren kasta venstre labben sin mot meg, eg sparka til, og hørte det knase i poten. ”Kutt med kryss med høgre hand!” Eg svinga gladius mot buken til Tigeren, blodet spruta. ”Unngå motstanderens desperate forsøk på å slå tilbake, overrask motstanderen med mageslag for å stoppe inhalering!” Tigeren hoppa mot meg, eg tok ein rulle under tigeren, midt i rullen slengte eg knyttneven opp mot solarplexus, då tigeren landa datt han saman av utmatting og greidde ikkje å puste. ”Distraher igjen og send sjela hans til helvete.” Eg kasta meg rundt og gav tigeren eit hælspark som knuste kjeven, tigeren blei kasta på ryggen, eg stakk gladiusen inn mellom ribbebeina, og kjende at eg penetrerte hjartet. ”Knekt fot, ope sår i halsen, pungterte lunger, knust kjeve og ubrukeleg hjarte. Fysisk helbreding: Umogleg!” Det kom eit ynkeleg mjau frå tigeren før den fall livlaus om, utan sjel. Publikum reiste seg og jubelen gav gjenklang i øyra mine då eg plutseleg blei avbroten frå draumen av Karoline som skulle fortelje om Colosseum. I Colosseum hadde me 3 foredrag. Karoline og Jon som fortalde om Colosseum, og Marthe som stod på vestsida og fortalde om Konstantinbogen som me hadde så god utsikt til. Når du reiser til Roma trur eg at det er lurt å vere godt forberedt. Viss du har lese litt og har litt kunnskap om diverse ting, trur eg ein vil få mykje meir ut av turen. Alle elevane i klassen hadde foredrag om kvar sitt punkt, så det vart som om me skulle hatt ein guide i heile Roma.


Torsdagen hadde me ikkje noko obligatorisk, torsdagen var fridagen. Eg gjekk mest med Martin og Jonas. Me tok metroen til Repubblica og gjekk sørvestover i handlegata Via Nazionale. Då me kom til Victor Emanuelemonumentet, gjekk me opp til eit utkikspunkt nordvest for Forum Romanum. Her kan det anbefalast å ta bilete. Etter litt enda me opp på Circus Maximus, der det var ein stor oppblåsbar, igloliknande kuppel midt på banen. Me gjekk inn og det viste seg at det var eit museum som var sett opp får å feire 150-års jubileet til eit postfirma i Roma. Me gjekk i retning mot elva, og enda opp i ein stor park der det var systematisk sett opp kryssa blomar. Etter å ha studert forkskjellige namn til forskjellige blomar, bestemte me oss for å dra til metro stasjonen Lepanto og så heim. På vei til Lepanto, besøkte me tre parkar, Isola Tiberina (øya som ligg midt i elva), fire butikkar, Compo de Fiori, , Buffalo bar (ein plass der dei berre serverte mat laga av bøffelmjølk), eit Leonardo da Vinci museum, Piazza Navona, Englebrua, Castel Sant’Angelo og ein karusell. Fridagen var med andre ord ein dag der me fekk oppleve veldig mykje.

På fredagen var eigentlig planen å reise ut frå byen til Hadrians villa, men sidan det var streik på metroen, kunne me ikkje dra. Dette var ein liten nedtur men å besøke Diokletians bad, San Carlo alle Quattro Fontane og Santa Maria Maggiore veide opp for skuffelsen. Allereie klokka to den dagen var me ferdig med det obligatoriske programmet, så då hang me rundt med Spansketrappa, såg nokre kyrkjer, Augustusmausoleet og Ara Pacis-museet. Den kvelden gjekk me alle og åt i lag. Me åt på ein restaurant som heitte Taverna Pretoriana. Eg anbefalar denne restauranten viss ein har lyst på litt ekstra delikat og smakfull mat, men viss ein er litt svolten og prioriterer kvantitet framfor kvalitet, er dette kanskje ikkje den beste restauranten. Riktig nok så var det eigentlig meininga at me skulle bestille poteter og salat i tillegg til hovudretten på denne restauranten. Dette trur eg er lurt å vere litt merksam på, på dei forskjellige resturantane.




Den siste dagen, laurdagen, var heimreisedagen, men me skulle reise litt seint, så me fekk akkurat tid til å ta metroen til Piazza del Popolo, gå i nokre butikkar og ete ein siste italiensk pizza. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar